HA EIN GOD VÅR! :)
onsdag 27. april 2011
Smak litt på vårhagen
Det beste eg veit med våren, er når påskeliljene deler sin energi og glede med oss. Eg ser dei lyser opp allereie før eg får lagt til kai med bua, og eg kjenner eg gler meg til å komme på tunet. Eg kommenterer ikkje desse bileta så nøye, dei talar best sitt eige språk.
onsdag 6. april 2011
Mens vi venter på at noko skal skje...
... så kan vi mimre litt frå forrige sommar!
To gode venner i hagen! Det er slik vi fortsatt skal ha det! Ein ynda plass for vaksne, barn og dyr!
To gode venner i hagen! Det er slik vi fortsatt skal ha det! Ein ynda plass for vaksne, barn og dyr!
lørdag 2. april 2011
Ting tar tid
Velkommen til den usminka realitet!
Vi er ingen høgtideleg familie, men brettar ut hagelivet vårt for alle som vil ta del i det. Her blir det høydarer og fiaskoar om eit anna! Kvifor? Jo, av den enkle grunn at eg eksperimenterer med hagen vår. Og dette er såleis ein hyllest til alle som gjer det same! Her har vi budd i eit halvanna år. Prosjektet vårt strekker seg nok til langt etter ungane har forlatt redet. Følg oss, og kommenter gjerne! Alle innspel fortener sin plass!
Vinteren slepp no taket, og vi klør i fingrane etter å få gjordt ein heil masse! Men erfaringsvis veit vii at ting tar tid! Familie, jobb og eiga bedrift går framfor hobby. Eg er så heldig å ha hobbyen min som jobb, men det gjer det faktisk endå vanskelegare å prioritere sitt eige. Men i sommar håpar vi at ting kjem i gang.
Vi får begynne dagen med ein god nyhet. Vi er no heilt sikre på at det nye naboskapet som vi har gleda oss så lenge til, er no sikra tomt på øya. Det betyr eit hus med to store og to små litt nordanfor oss! Det blir stas! Den raude firkanten viser sånn ca korleis huset deira vil ligge. Arbeidet startar alt til sommaren!
VÅRE STORE PLANAR....
Vinteren slepp no taket, og vi klør i fingrane etter å få gjordt ein heil masse! Men erfaringsvis veit vii at ting tar tid! Familie, jobb og eiga bedrift går framfor hobby. Eg er så heldig å ha hobbyen min som jobb, men det gjer det faktisk endå vanskelegare å prioritere sitt eige. Men i sommar håpar vi at ting kjem i gang.
Abonner på:
Innlegg (Atom)