Velkommen til den usminka realitet!
Vi er ingen høgtideleg familie, men brettar ut hagelivet vårt for alle som vil ta del i det. Her blir det høydarer og fiaskoar om eit anna! Kvifor? Jo, av den enkle grunn at eg eksperimenterer med hagen vår. Og dette er såleis ein hyllest til alle som gjer det same! Her har vi budd i eit halvanna år. Prosjektet vårt strekker seg nok til langt etter ungane har forlatt redet. Følg oss, og kommenter gjerne! Alle innspel fortener sin plass!
Vinteren slepp no taket, og vi klør i fingrane etter å få gjordt ein heil masse! Men erfaringsvis veit vii at ting tar tid! Familie, jobb og eiga bedrift går framfor hobby. Eg er så heldig å ha hobbyen min som jobb, men det gjer det faktisk endå vanskelegare å prioritere sitt eige. Men i sommar håpar vi at ting kjem i gang.
Vi får begynne dagen med ein god nyhet. Vi er no heilt sikre på at det nye naboskapet som vi har gleda oss så lenge til, er no sikra tomt på øya. Det betyr eit hus med to store og to små litt nordanfor oss! Det blir stas! Den raude firkanten viser sånn ca korleis huset deira vil ligge. Arbeidet startar alt til sommaren!
VÅRE STORE PLANAR....
Vinteren slepp no taket, og vi klør i fingrane etter å få gjordt ein heil masse! Men erfaringsvis veit vii at ting tar tid! Familie, jobb og eiga bedrift går framfor hobby. Eg er så heldig å ha hobbyen min som jobb, men det gjer det faktisk endå vanskelegare å prioritere sitt eige. Men i sommar håpar vi at ting kjem i gang.
Kjekt å følge med på bloggen din! Fikk så lyst å komme å besøke deg ute på øya di! har så gode minne fra den sommeren vi campa med deg -en fantastisk idyllisk plass! For et paradis for barn å vokse opp der!Og så kjekt med naboa da!
SvarSlettTusen takk Linda! :)
SvarSlettDet er berre å komme å campe! Vi har leikekameratar til ungane også! ;) Du veit, det er ikkje det same berre å fly over øya som det er å sitte i graset med ein kopp kaffi og ta inn alle naturens inntrykk! :) Ta med fallskjerm i flyet neste gang! Eller vi kan evt. hente deg på flyplassen. Tek berre 10 min! :)