torsdag 6. januar 2011

Dette var første steg!

I sommer tok vi oss av den forvokste granhekken, som stengde ute den flotte utsikta nordover! Mange meinte vi kom til å ta knekken på alt som vokste i hagen, og kanskje til og med oss sjølve i den kalde nordavinden som kjem feiande inn akkurat her. Men kven veit vel kva vi finn på inni denne hagen? Den vinden, skal eg seie deg, skal ikkje bli noko! Her skal det bu høner i hus og skog, vår ivrige bærplukkar på to år, skal finne sitt eldorado her inne, og ly skal vi ordne til alle mennesker, dyr, og planter som treng det!



Bilder av korleis det vart etterpå, vil komme med tida! Akkurat no er det berre mykje snø og kaos akkurat der. Eit gammalt, svært plommetre måtte også ta kvelden etterkvart. Det var igrunn sørgelig, for det bar flotte plommer. Men treet var sjukt, og kunne ikkje reddast. Eg tippar gubben er glad for at det er vekke, for no har han betre plass til å kose seg med gravemaskina! Det er jo slik det er å ha eit handlekraftig mannfolk i hus! :)

Her bur det nok ingen gartnar...

Det er det eg trur folk seier når dei passerer huset vi bur i. Ikkje det at det passerar så veldig menge forbi, men dei som gjer det, tenker nok det. Vi bur på ei lita øy utanfor Florø, og er einn familie på fem. Øya har eit gardsbruk, rutestopp for to øyar, ein gründer, nokre kattar og masse fantastisk natur! No tenker vi at hagen vår skal bli like fantastisk! Ja, midt på vinteren tenkjer vi på hage. Det er slik når ein er ein dedikert gartnar, då har ikkje tanken fri frå hagen verksemder!

"Du skal ikkje berre fikse andre sine hagar!" sa mannen min, og har etterkvart tatt spaden (foreløbig gravemaskina) i eiga hand, og starta på prosjektet! Denne bloggen vil innehalde vår ferd mot eigen hage. Innimellom vil det også komme ting av rein interesse frå mi side. Muligens det kjem litt om livet som gartnar, gründar og småbarnsmor også. Vi får sjå! "Båten blir til medan ein ror" sa ein forretningsutviklar til meg ein gong. Eg trur mannen har rett!