lørdag 2. april 2011

Ting tar tid


Velkommen til den usminka realitet!

Vi er ingen høgtideleg familie, men brettar ut hagelivet vårt for alle som vil ta del i det. Her blir det høydarer og fiaskoar om eit anna! Kvifor? Jo, av den enkle grunn at eg eksperimenterer med hagen vår. Og dette er såleis ein hyllest til alle som gjer det same! Her har vi budd i eit halvanna år. Prosjektet vårt strekker seg nok til langt etter ungane har forlatt redet. Følg oss, og kommenter gjerne! Alle innspel fortener sin plass!


Vi får begynne dagen med ein god nyhet. Vi er no heilt sikre på at det nye naboskapet som vi har gleda oss så lenge til, er no sikra tomt på øya. Det betyr eit hus med to store og to små litt nordanfor oss! Det blir stas! Den raude firkanten viser sånn ca korleis huset deira vil ligge. Arbeidet startar alt til sommaren!


VÅRE STORE PLANAR.... 

Vinteren slepp no taket, og vi klør i fingrane etter å få gjordt ein heil masse! Men erfaringsvis veit vii at ting tar tid! Familie, jobb og eiga bedrift går framfor hobby. Eg er så heldig å ha hobbyen min som jobb, men det gjer det faktisk endå vanskelegare å prioritere sitt eige. Men i sommar håpar vi at ting kjem i gang.


 

Her blir det bærhage og hønsehus i kombinasjon.Økologisk produksjon av begge deler! Fantastisk! :) Akkurat no er det berre grøfter, vatn og planter på vent her. Det gamle hønsehuset med akk så mykje nostalgi ligg bakerst i bildet. Og bak der igjen skimtar vi Florø by. Vi brukar ca 11 minutter fra stuegulvet til handlesenteret på Evja. Det er ikkje noko å klage over! Vi bur faktisk ganske sentralt med tanke på tidsaspektet

 Dette bildet viser huset sett frå vest. Desse lønnetrea er fantastiske kledd i grøn sommerprakt! Desse trea stridast det dog litt om... Skal dei få stå? Skal dei reduserast? eller skal dei heilt vekk? Eg er for det første alternativet! Alternativ 2 er heilt totalt uaktuelt! Alternativ 2 blir nødvendig dersom mannen i huset får det som han vil! ;) Han har nemleg lyst å bygge på huset i den retningen.

Slik ser tunet ut i dag. Eit stort bed og ei flaggstang som stolt har heva det Norske flagg så lenge eg kan hugse. Flaggstanga får stå, men bedet har eg ikkje kapasitet til å beholde slik det er i dag. Bakken skal gravast ut, og vi skal sette opp mur og lage utegrill integrert i muren. Framtida for den midlertidige sandkassen er det ingen som veit sikkert. Den må i alle fall vike plass etterkvart.


Her er tunet sett frå nordaust. Her må vi legge ferdig planen for huset før vi kan sei noko om kva som skjer her. Huset skal byggast ut, men det er usikkert på kva for retning!
Etterkvart vil eg legge ut bilde av dei andre store planane våre... Nokon vil sei vi har for mange ballar i lufta. Eg er heilt einig! :) Men det er no ein gong slik vi likar det!

2 kommentarer:

  1. Kjekt å følge med på bloggen din! Fikk så lyst å komme å besøke deg ute på øya di! har så gode minne fra den sommeren vi campa med deg -en fantastisk idyllisk plass! For et paradis for barn å vokse opp der!Og så kjekt med naboa da!

    SvarSlett
  2. Tusen takk Linda! :)

    Det er berre å komme å campe! Vi har leikekameratar til ungane også! ;) Du veit, det er ikkje det same berre å fly over øya som det er å sitte i graset med ein kopp kaffi og ta inn alle naturens inntrykk! :) Ta med fallskjerm i flyet neste gang! Eller vi kan evt. hente deg på flyplassen. Tek berre 10 min! :)

    SvarSlett